Sofia Maria (27) meiner ho har svaret på framtidas matproduksjon

//Sofia Maria (27) meiner ho har svaret på framtidas matproduksjon

Sofia Maria (27) meiner ho har svaret på framtidas matproduksjon

Kjære Sofia Maria

Jeg elsker deg!

Takk for at du ser

Er våken

Hjelper moder jord

Mennesker

Dyr

Mangfoldet

Takk for at du baner vei

Viser bønder en annen vei

Vis vei

Takk for at du har jord under negler

Bruker hendene dine

Skaper med respekt

Arbeidshender =)

Takk for at du skaper mangfold

På samme areal

Takk for at du ikke vil bli stor

Takk for du baner vei

For ny tankegang

Du er en stor kvinne =)

Ett stort eksempel

Vi trenger deg

Moder jord trenger deg

Takk for at du skaper i kjærlighet

Respekt

Helheten

Din energien

Ligger inne

I det du dyrker

Jeg vil spise alt du dyrker

=)

Jeg løfter deg opp

Setter deg på toppen

Jeg ønsker deg alt godt

Jeg sender deg min kjærlighet

Jeg håper alt godt for deg

Stå på!!!

Sult

https://www.nrk.no/ho/sofia-maria-dyrkar-gronsaker-til-fjells-og-far-det-lonsamt—det-far-okologisk-norge-til-a-juble-1.14592094

Sofia Maria (27) meiner ho har svaret på framtidas matproduksjon

LESJA (NRK): Sofia Maria Bang Elm (27) dyrkar grønsaker for hand der frosten kan kome i juli. Ho meiner ho har løysinga på framtidas matproduksjon.

Squash frå Lesja
SQUASH: Slik såg det ut da Sofia Maria Bang Elm hausta squash frå grønsakhagen sin i 2018.FOTO: PRIVAT

Sofia Maria sit på kne i åkeren og grev i jorda med berre hendene.

Håndsåing
SQUASH: Sofia Maria Bang Elm dyrkar over 30 forskjellige typar grønsaker. Dette er ei squash-plante.FOTO: HANS ANDREAS SOLBAKKEN / NRK

På fjella som stig opp frå dalbotn ligg framleis snøen kvit, men ho skal plante squash.

– Det er vel kanskje mykje av det eg dyrkar som er nyintrodusert her på Lesja, seier ho.

I ein liten hage i ein skråning dyrkar ho over 30 typar grønsaker, som ho sel til lokalmiljøet.

– Slik eg driv er berekraftig, kortreist og alt som er godt. Kvifor skal ein drive så stort viss ein kan drive lønnsamt på lite?

Bonde- og Småbrukarlaget i Oppland hyllar Sofia Maria Bang Elm. For ho gjev noko til landbruket det er alt for lite av.

– Vi ser at etterspørselen etter grønsaker er mykje høgare enn tilbodet. Mens tilbodet av kjøt er mykje høgare enn etterspørselen, seier fylkesleiar i Oppland Bonde- og Småbrukarlag Trond Klaape.

Sofia med hjulhakke
HANDMAKT: Bang Elm brukar mest berre handmakt. Her går ho med ei hjulhakke som ho brukar til mellom anna luking. Ho har kjøpt ein tohjulstraktor som ho også har tilgjengeleg.FOTO: HANS ANDREAS SOLBAKKEN / NRK

250.000 i omsetning

Sofia Maria Bang Elm bestemte seg i 2017 for at ho på Lesja i Oppland, 600 meter over havet og med moglegheiter for frost 12 md. i året, skulle dyrke og selje grønsaker rett frå grønsakhagen.

Ho fekk bruke 2,5 mål, eller 2,5 dekar om du vil, av beitemarka til foreldra til sambuaren Hans Haugstad Avdem, som driv garden Avdem.

Avdem Gardsgrønt
2,5 DEKAR: Her er heile grønsakhagen til Sofia Maria fotografert i 2018.FOTO: PRIVAT

Og så sette ho i gang. Ho brukar mest berre handmakt, og dyrkar utan kunstgjødsel og sprøytemedel.

Avdem Gardsgrønt
GRØNSAKSKASSEABONNEMENT: Sofia Maria reklamerer for grønsakskyssane sine på Instagram. Her er ni utval av kva ho leverer i desse.FOTO: PRIVAT

I 2017 omsette ho for om lag 150.000 kroner. I 2018 auka det til 250.000 kroner. Heilt utan subsidiar frå Staten.

– Eg sel berre til lokalmiljøet. Nokre restaurantar på Dombås og i Åndalsnes. Elles frå butikken til foreldra til Hans, og litt på marknadsdagar.

– Og så har eg starta med grønsakskasseabonnement da.

Og desse grønsak-kassane vart fort populære. For 250 kroner i veka får du ei kasse med grønsaker frå hagen til Sofia Maria. I fjor leverte ho 20 kasser i veka frå juni til oktober.

– I år måtte eg sette taket på 45 abonnentar. Eg greier ikkje å levere fleire.

Sofia Maria Bang Elm
KASSER: Slike kasser leverer Sofia Maria grønsakene sine i. I år leverer ho 45 kasser kvar veke til kundar i lokalmiljøet.FOTO: HANS ANDREAS SOLBAKKEN / NRK

Myteknusar

Trond Klaape
IMPONERT: Fylkesleiaren i Oppland Bonde- og Småbrukarlag er imponert over kor stor omsetning Bang Elm har fått på den vesle grønsakhagen på så stutt tid.FOTO: HANS ANDREAS SOLBAKKEN / NRK

Fylkesleiaren i Bonde- og Småbrukarlaget er sjølv kjøtprodusent. Han er imponert over omsetninga som Bang Elm har fått til i grønsakhagen sin.

– 100.000 kroner i omsetning per dekar er heilt formidabelt. Da har du peiling på det du driv med, seier Klaape.

Børre Solberg
ØKOLOGISK NORGE: Børre Solberg seier at Sofia Maria Bang Elm er ein myteknusar. – Ho viser at det går an å dyrke grønsaker der «alle» meiner det berre går an å dyrke gras.FOTO: PÅL H. CHRISTIANSEN / ØKOLOGISK NORGE

I 2018 etablerte Bonde- og Småbrukarlaget såkalla REKO-ringar der lokalmatprodusentar kan selje matvarene sine direkte til kunden via facebookgrupper.

Der er det mykje kjøt tilgjengeleg, men for lite grønsaker.

– Det er rett og slett for lite kortreiste norske grønsaker tilgjengeleg på marknaden.

I organisasjonen Økologisk Noreg er Børre Solberg leiar. Han meiner Sofia Maria er ein føregangsfigur for landbruket.

– Ho er ein myteknusar. I Noreg heiter det seg jo det at vi er eit grasland og at det ikkje går an å dyrke noko anna her.

– Ho viser jo at det lar seg gjere. Det er imponerande det ho har fått til.

Sofia Maria plantar
DRIVHUS: For å kunne starte sesongen så tidleg som råd har Sofia Maria eit drivhus der ho set i gang plantane sine før dei går ut i grønsakhagen.FOTO: HANS ANDREAS SOLBAKKEN / NRK

Forventar auke

Jobben med grønsakhagen er ikkje ein fulltidsjobb heile året. I tillegg til å drive med grønsakene sine, er ho også med i gardsdrifta på Avdem.

Foreldra til sambuaren hennar driv med mjølkeproduksjon, eit gardsysteri og ein tilhøyrande butikk som sel lokalmat.

Men det er grønsakene sine ho brenn for.

– Eg ser for meg ei auke i omsetninga i år også. No har eg tileigna meg erfaringar frå tidlegare, og veit korleis eg skal utnytte jorda enda betre.

Hans og Sofia Maria
SAMBUAR: Sofia Maria Bang Elm saman med sambuaren Hans Haugstad Avdem. Han jobbar på garden og ysteriet som foreldra hans driv på Avdem Gard.FOTO: HANS ANDREAS SOLBAKKEN

Og det er betre utnytting av mindre areal og meir bruk av handmakt som er vegen å gå meiner ho.

Ho vil ha fleire små produsentar som leverer til nærmiljøet sitt.

– Vi må sjå attende i tid for å finne vegen framover. Eg meiner at utviklinga har gått for fort. Eg meiner ein må ned på kne og verkeleg sjå korleis jorda og grønsakene har det for å få ein berekraftig matproduksjon.

Bredgreip
BREIGREIP: Sofia Maria Bang Elm pløyer ikkje jorda. Ved hjelp av denne breigreipa gjev ho jorda luft og rører litt på ho. Det meiner ho er nok.FOTO: HANS ANDREAS SOLBAKKEN / NRK
2019-06-29T12:16:35+01:00

This Is A Custom Widget

This Sliding Bar can be switched on or off in theme options, and can take any widget you throw at it or even fill it with your custom HTML Code. Its perfect for grabbing the attention of your viewers. Choose between 1, 2, 3 or 4 columns, set the background color, widget divider color, activate transparency, a top border or fully disable it on desktop and mobile.