Sauebonde oppgitt over nettroll: – Eg har gråte mine modige tårer
Ho ber folk slutte å forakte yrket hennar. Ei ny undersøking viser at ein av tre bønder meiner yrket deira ikkje har eit godt omdøme.
Skal du be min indre stemme
Skal du ta min stemme
Forakt er en illusjon
Du er moderlig
Tar i mot lammene
Koser med de
Viser di frem til media
Etter dette dreper du de
Du er en morder
Er det det du ikke vil at jeg skal si
Viser du frem din datter
Koser med henne
Dreper henne
Hva er modige tårer
Slutt å syt
Bilde av deg lagret jeg som
Sauebondesyt
mine modige tårer
Ho ber folk slutte å forakte yrket hennar. Ei ny undersøking viser at ein av tre bønder meiner yrket deira ikkje har eit godt omdøme.
STOLT SAUEBONDE: Ellen Marie Sørumgård Syse driv garden i Kjøremgrenda i Lesja saman med ektemannen. Begge har dei arbeid utanfor garden for å få det til å gå rundt.FOTO: ARNE SØRENES / NRK
Kommentarar og meiningar Syse oppfattar som djup forakt både for det ho driv med og den ho er:
– Eg blir lei meg, og eg blir skuffa. Eg blir kvalm og uvel av alle kommentarane. Eg fattar berre ikkje kvifor det skal vere så lite verdsett å produsere mat– Sugerøyr i statskassa
Kanske på tide å våkne opp
Du er en morder
Du skaper uetisk
ÅndeligUmenneskelig
Og du suger fra statskassa
Du kan skape mat
Som blir verdsatt
Du må bare slutte kjempe
Lukke døren
Åpne nye
Ikke henge igjen
Som samer og andre
Syse fortel at ho held seg unna visse kommentarfelt der ho veit at det kjem fram mange negative haldningar til bønder. Men kvar gong ho opnar eit kommentarfelt som handlar om landbruk ser ho innlegg som dette:
Vi bør diskutere hvor mange bønder vi betaler for. Det er verdensrekord i subsidier pr bonde.
Ho seier at slike haldningar går meir inn på henne enn dei aller styggaste kommentarane som berre er rein hets.
– At det tydelegvis er så mange som meiner at vi har sugerøyr i statskassa og at vi er subsidiert til langt oppetter øyro. Det gjer vondt å sjå at folk ikkje synest at den maten vi produserer har nokon verdi.
MANGE SMÅ: Totalt tar sauebonden på Lesja i mot rundt 170 lam i løpet av tre til fire hektiske veker i april og mai.FOTO: ARNE SØRENES / NRK
Det betyr at bøndene også blir meir diskutert i sosiale medium. Syse fortel at slik er det kvart einaste år, men at ho synest tonen i diskusjonen har blitt hardare:
– Når det gjeld landbruk og gardbrukarar så er det lov til å ause ut av seg alskens edder og galle. Eg har gråte mine modige tårer meir enn ein gong.
NRKforklarer
Hva er jordbruksoppgjøret?
BLA VIDERE
Jordbruksoppgjøret er en årlig forhandling mellom Staten og to organisasjoner i jordbruket: Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag.
Det forhandles på vegne av alle bønder i Norge. I jordbruksavtalen presiseres det at bonden er en selvstendig næringsdrivende.
Jordbruksavtalen bestemmer hvilken pris bonden skal få for råvaren sin, hvor store budsjettoverføringer som skal gå til jordbruket, og ikke minst hvordan vi skal fordele disse pengene.
Gangen i jordbruksforhandlingene er slik at organisasjonene først blir enige om et felles krav på vegne av landbruket. Dette overleveres til regjeringen.
Staten går gjennom kravet og kommer med sitt tilbud. Deretter går bondeorganisasjonene sammen, går igjennom tilbudet og bestemmer seg for om de vil gå videre med forhandlinger eller ikke.
Kravet fra bøndene lagt fram: – Vi vil være bønder i framtida også
Nytt barometer
I dag presenterer Agri Analyse ei ny oversikt over tilstanden i norsk landbruk.
Det såkalla Landbruksbarometeret 2021 er laga på oppdrag frå mellom andre Norges Bondelag, og syner at 27 prosent av bøndene er samde i at bondeyrket har «høy anseelse i samfunnet».
Men heile 36 prosent av bøndene er altså ueinige i dette.
GRAFIKK: AGRI ANALYSE
Landbruksbarometeret har ikkje tal som syner i kor stor grad bønder flest opplever hets på internett.
Lei seg for at bønder opplever det slik
Kristina Hegge er nestleiar i Norges Bondelag si avdeling i Innlandet.
Sauebonden frå Biri synest det er trist at kollega Sørumgård Syse på Lesja opplever debattklimaet på nettet som lite respektfullt. Hegge seier at ho veit at mange bønder føler på det same.
Samstundes seier ho at ho opplever at mange støttar bøndene. Ikkje minst no når Facebookgruppa #Bondeopprør 21 har fått over 20. 000 medlemmer, og endå fleire har signert oppropet som følgjer med.
– Vi får mange heiarop frå folk som støttar norsk matproduksjon, det er det ingen tvil om, seier ho.
BONDELEIAR: Nestleiar Kristina Hegge i Noregs Bondelag Innlandet, står sjølv midt i lamminga i sauefjøset på Biri.FOTO: ARNE SØRENES / NRK
Hegge meiner at negative ytringar og hets på nett er eit samfunnsproblem som gjeld fleire enn bøndene. Men at bøndene kanskje får ekstra mykje tilbakemeldingar sidan dei er så synlege i fleire konfliktfulle debattar.
– Vi bønder blir diskutert når det gjeld alt frå ulv til klimapolitikk og dyrehald, så vi må nok dessverre rekne med ein del negative kommentarar. Vi har nettroll overalt, og det er eit stort problem for heile samfunnsdebatten, seier Hegge.
Hets på nettet aukar
I ei rekkje artiklar har NRK fortalt om at fleire opplever hets og sårande kommentarar på nettet.
Ei ny undersøking frå Medietilsynet viser at flest unge opplever slik sjikane. I undersøkinga seier 20 prosent i aldersgruppa 16–24 at dei har opplevd hets eller støytande kommentarar.
Men også i heile befolkninga går talet opp.
STÅR BAK UNDERSØKING: Mari Velsand er direktør i Medietilsynet
5 prosent svarar at dei er blitt hetsa i diskusjonar eller debattar. Fleirtalet av desse seier at hetsing påverkar fridommen deira til å ytre seg på nett.
– Dei aller fleste opplever heldigvis ikkje sjikane og hets på nett. Men for dei som opplever dette er det alvorleg og ubehageleg, sa direktør Mari Velsand i Medietilsynet til NRK då undersøkinga vart lagt fram.
Tok til motmæle
For Ellen Marie Sørumgård Syse på Lesja vart grensa nådd den natta i sauefjøset.
Ho sette seg ned og skreiv eit lang innlegg på #Bondeopprør 21 der ho gjekk kritikkarane i kommentarfelta i møte.
– Eg måtte rett og slett skrive av meg litt sinne og frustrasjon. Eg var lei meg.
For ho og mannen kan ikkje leve av garden aleine. Begge har jobbar utaom fjøset. Han i 100 prosent, ho i 60.
ER REALIST: – Jobben min er å sørge for at dyra mine har det best mogleg mens dei er her hos meg. Men det er kjøttproduksjon eg driv med, seier Ellen Marie Sørumgård Syse.FOTO: ARNE SØRENES / NRK
Driftsresultat: 110.000 kroner
90 vinterfôra sau utgjer rundt 0,75 årsverk, eller 1350 til 1400 timar. I 2019 var driftsresultatet for sauehaldet på 110 000 kroner. Det utgjer ei timelønn på rundt 80 kroner etter avskriving.
– Slik er realiteten i ei fjellbygd som Lesja, men òg mange andre stader i Noreg, seier ho.
I innlegget skreiv Syse om draumen om ein gong å kunne leve kun av garden; at ho føler at dei får for lite igjen for strevet. Og ho skreiv om at jordbruksoppgjeret er bøndene sitt lønnsoppgjer, og at det må vere lov å ytre seg håpefullt om dette.
Utan å bli kalla snyltar med sugerøyr i statskassa.