Hjartesukk frå ei frustrert bondekjerring

//Hjartesukk frå ei frustrert bondekjerring

Hjartesukk frå ei frustrert bondekjerring

Kjære frustrerte deg

 

Du uttaler deg

Du får frem din stemme

Dette er deg

 

Hva tar du hensyn til

 

Tar du hensyn

 

Hvem er det

Du vil beskytte

 

Hvem er det

Du forsvarer

 

Om du er imot

Dyrehold

 

Imot hele prosessen

 

Veganer

 

Dyremisshandling

 

Uansett hva mennesker

Er imot

 

Ser du hele bilde

 

Du som bonde

Tenker ikke helhet

 

TAR IKKE HENSYN

Til moder jord

Helheten

 

Du som bonde

TILPASSER deg ikke

 

Du ser ikke

 

Selv når for blir borte

Våkner du ikke

 

Nekter å tenke nytt

 

Bli vennlig

Mot moder jord

 

Helheten

 

Ditt fokus

Er ikke fokus

 

Du er uvitende

På mange plan

 

Du en en

Slaveholder

 

Tillpass deg

Lukk en dør

Åpne nye

 

Hjartesukk frå ei frustrert bondekjerring

No kjenner eg at grensa er nådd. Det går ikkje ein dag utan at vi må lese om kor forferdelig norske husdyr har det. Kvar dag vert bønder framstilt som udyr som ikkje eig eit empatisk bein i kroppen.

Oppdatert mindre enn 20 minutter siden

SILJE ÅSNES SKARSTEIN, bonde

Inntrykket folk sit att med er at ALLE bønder slår, mishandler og lar dyra sine lide.

Den norske bonden er egoistisk, pengegrisk, kravstor, rett og slett eit menneske som folk flest ikkje vil ha noko med å gjere.

Hadde eg ikkje sjølv vore bonde og kjent mange andre bønder personleg, hadde eg kanskje trudd på media si vinkling eg og.

Dessverre finst bønder som ikkje burde vere bønder, på lik linje med at vi har lærarar som ikkje burde vere lærarar. Men om det finst nokre som gjer ein dårleg jobb, er det ikkje dermed sagt at alle bønder eller lærarar er elendige.

LES OGSÅ

Alle griser har det ikke vondt, NRK!

Det er så unyansert, så negativt og det blir gitt så ubegripeleg stor spalteplass til dyrevernare, veganare, bedrevitare og folk som aldri har vore bønder sjølv, eller folk som faktisk aldri har sett innsida av ein fjøs med sine eigne auger.

Desse folka er ofte dyktige, dei veit å posisjonerer seg, er ofte høgt utdanna og dei er meistrar det skrevne ord. Dei kan diskutere dei fleste i senk. Og det gjer dei. Vi som lever saman med dyra kjem ikkje til orde. Vi føler oss knebla, kvalt av den tilsynelatande massive motstanden mot norsk dyrehald der ute.

Men er det faktisk slik? Er det dei store massane som vil oss til livs? Er det dei store massane som vil slutte å ete kjøtt, la norske husdyrrasar døy ut, la bonden ende opp som gjeldsslave etter korttenkte politiske vedtak?

Nei det er det faktisk ikkje.

Flesteparten av Norges befolkning ønsker den norske bonden og dyrevelferden vi har velkommen.

Dei vil ete norsk kjøtt, dei vil ha dyr på beite og dei er trygge på at norske dyr har det godt.

LES OGSÅ

Det må bli lettere å velge god dyrevelferd

Men ser Kari og Ola Nordmann konsekvensen av det som skjer no? Ser dei kor det slit på bonden å måtte lese om den påståtte dårlige jobben vi gjer? Ser dei at det er like før fleire bønder får nok og gir opp? For slik er det no, grensa på kva hets vi bønder må tole er nær, strikken er strekt langt nok, og til og med eg kjenner at negative tankar kjem.

Eg ønskjer meg meir spalteplass til bønder, slike bønder som eg og mannen min, bønder som jobbar ræva av seg for at dyra skal ha det godt. Bønder som les forskning, bruker rådgjeving og som har ei dyrevelferd som gjer oss sjølv stolte.

Eg ønsker meir spalteplass til omtale av dyr som har det bra, dyr som trivst og dyr som får omsorg i bøtter og spann.

Eg ønsker meir spalteplass til solskinnshistoriene som det absolutt er fleirtal av. Vi som lever og ånder for norske husdyr, må få kome til orde, vi må få lov å vise på NRK og andre media korleis det eigentleg er hos den norske bonden.

LES OGSÅ

Flere av grisebøndene i sjokkdokumentaren får fortsatt levere kjøtt

Vi må ut, opp og fram og posisjonere oss betre enn ekstremistane som har fått lov å stå med sin unyanserte propaganda uimotsagt altfor lenge.

Det siste no er forslag om overvåkning i alle fjøsar. Då kjenner eg at det faktisk er like før eg mister evnen til å være saklig. Dei fleste fjøs er som ein del av huset til bonden, vi brukar alvorlig mykje tid der. Ungane er med, det blir krangla og diskutert, og av og til vert ein vener igjen der også.

Skal alt dette dokumenterast og lagrast på film? Skal mine ungar vekse opp under overvaking? Trur folk at det er greit å bli invadert på ein slik måte? Kor skal grensa gå? Skal alle med hamster også overvakast? Og korleis skal ein ha ressursar til å sjå igjennom desse filmane? Nei, dette er rett og slett eit tåpelig forslag.

Løysinga er enkel, vi bønder må mobilisere og vise samla korleis norske husdyr eigentleg har det. Vi må invitere det norske folk inn i fjøsene på våre premissar, ikkje andre sine.

Vi må opne opp dørene og delta i diskusjonar, vi må være synlige i alle media og på alle plattformer.

Så kom igjen, lat oss vise folket korleis livet til dyra våre eigentleg er.

2019-08-24T14:03:37+01:00